”Evangeliet til muslimene”
”Evangeliet til muslimene”, Flymisjonen, ble registrert som stiftelse høsten 1992, med det formål at
misjonærer kunne få bruke fly i sin tjeneste i Sør Etiopia. I elleve år ble det benyttet fly med små
krav til landingsplasser, for å nå hurtig fram til vegløse områder. I den senere tid er Helikopter tatt i
bruk. Støtte til nasjonale evangelister i Waddera området er i disse år utvidet. De er bærere av
vekkelsesilden som har gitt frukter ved at tusener har omvendt seg og blitt kristne. Vi kanaliserer
hjelpen ved betrodde personer som vi kjenner til. Mobiltelefonnettet utvides stadig i Afrika, noe som
gjør kommunikasjonen bedre til å ha kontakt med arbeiderne ute i Etiopia.
Historien bak Flymisjonen
Stiftelsen “Evangeliet til muslimene” blei registrert første gong 1992. Det var Tollak Jakobsen sammen med Otto Jakobsen
og Karsten Ueland som startet Flymisjonen. Dei var godt kjende med islendingen og Etiopia-misjonæren Helgi
Hrobjartsson, og han blei knytta til Stiftelsen som aktiv feltarbeidar og styremedlem. Det var to område i det sørlige Etiopia,
Wadera og Harekello, som arbeidet blei konsentrert i. Og det var evangelistarbeidet, forkynning av Ordet, som blei
arbeidsgreina. Og det er det framleis.
I dagligtale blei navnet på stiftelsen fort “Flymisjonen”, sjølv om det ikkje er ein misjonsorganisasjon, og ikkje
disponerer noko fly. Det har heller ingen ting med MAF (Mission Aviation Fellowship) å gjere, men både i Noreg og i
Etiopia blei Stiftelsen kjent og omtalt som “Flymisjonen.” Dette namnet kjem nok av at i starten vart det brukt mykje fly for
å komme rundt i eit område med lite utbygd vegnett, og dei få som var der var dårleg framkommelege, særleg i regntida.
Helgi var også sjølv utdanna flygar. Han reiste første gong ut til Etiopia i 1968. Og namnet “Flymisjonen” er det som blir
oftast nytta også i dag, både her i landet og i Etiopia. Om enn misvisande og lite sjølvforklarande ser det ut til å vere det
som blir brukt, snarare enn stiftelsesnamnet. Og det er ingen grunn til å skjemmast over historia som ligg bak, så det får
berre “henge med.”
Tollak, Otto og Karsten styrte med arbeidet i Noreg, medan det var Helgi som stod for praktisk organisering av arbeidet i
felten. Han fann folk han kalla til evangelistar, og sende dei inn i område der han såg det var opning for forkynning.
Stiftelsen hadde ingen tilsette i Noreg og defor ingen lønnsutgifter her. Alle innsamla midler blei kanaliserte til
misjonsarbeidet ute. Det er framleis slik.
Stiftelsen knytte også til seg folk i Guinea Bisau, og det vart sendt folk derifrå til teologi-utdanning ved Mekane Yesus
seminaret i Addis Abeba, med full dekning frå Stiftelsen.
Etter at Helgi Hrobjartsson døde på reise i Etiopia i 2018, blei det vanskelegare med organiseringa ute. Stiftelsen hadde
folk dei støtta i to ulike land i Afrika. Etiopia i Aust-Afrika, og Guinea Bissau i Vest-Afrika, der Helgi før hadde reist
jamnleg og hatt kontaktar og oversikt, der vart det brått eit tomrom. Når det ikkje var bygt opp noko organisasjons-
apparat er det klart dette blei vanskeleg. Styrken med å vere utan lønna personell og la alle innsamla midlar flyte uavkorta
inn i arbeidet på lokalplanet vart nå ein hemsko det skulle vise seg vanskeleg å komme rundt.
Når vi i tillegg fekk pandemien som sette stoppar for all reiseaktivitet, blei det heile så vanskeleg at styret for Stiftelsen
gjorde vedtak om å avslutte støtta til arbeidet i Guinea Bissau frå januar 2022. Det blei umogeleg å halde oversikt og stå
ansvarleg for at pengane som vart sende blei brukte slik det var tenkt. Styret hadde ikkje prov for at pengane vart misbrukte,
dei kunne berre ikkje garantere overfor givarane for at dei vart brukte etter hensikten som var lova ved innsamling.
I Etiopia var det heller ikkje enkelt å halde oversikt. Kontakten pr. mail var betre enn det hadde vore til Guinea Bissau,
men styret var ikkje heilt nøgde med situasjonen der heller. Derfor så snart det let seg gjere å reise, sende styret ut ein til
Etiopia for å sjå nærare på tilhøva. Han kom ikkje heilt til Wadera grunna uro og lokale geriljarørsler, men kom til Adola og
fekk der møte nokre av dei sentrale leiarane frå distrikta Wadera og Harekello. I tillegg til å få kontakt med synodeleiinga
for Mekane Yesus-kyrkja.
Det var slik at alle evangelistane som fekk støtte frå Stiftelsen er tilsette i ulike Mekane Yesus-menigheter. Bibelskulen i
Wadera, som også fekk alle sine midler til lærarlønner frå Noreg, er også ein Mekane Yesus-institusjon.
Det vart derfor veldig naturleg at styret for Stiftelsen tok kontakt med synodeleiinga for å drøfte nærare om ein kunne
formalisere eit samarbeid. I videreføringa av denne kontakten reiste to frå styret til Addis Abeba i januar 2023, for å ha
møte med synodepresidenten og sentrale leiarar i Wadera/Harekello. Dette møtet resulterte i underskriving av ein
samarbeidsavtale mellom stiftelsen og Adola-Genale Synoden i Mekane Yesus-kyrkja. Så nå er det slik at pengar frå Noreg
vert sende til ein eigen konto synoden har oppretta for dette føremålet. Og synoden fordelar så pengane til Harekello og
Wadera, der dei blir utbetalt til evangelistane i dei ulike menighetene. Det formelle og korrekte er nå at det er kyrkja som er
arbeidsgjevar, og som har oppfølgingsansvar overfor den einskilde evangelisten og bibelskulelæraren.
Synoden har og forplikta seg på å sende kvartalsrapportar til styret i Noreg, både om den økonomiske sida og om
arbeidet generelt.
I siste rapporten me fekk (april -23), blir det fortalt om at Guds Ord har framgang. Dei 58 evangelistane som får si støtte
frå Stiftelsen fortel at folk vender om og tar mot Jesus, både for første gong, og at frafalne vender tilbake og ber om
forbønn. Sjølv om ingen av oss kjenner hjertene, fortel rapporten om mange hundre enkeltpersonar som kjem til
evangelistane og vil vende seg frå denne verdens fyrste og til Kristus.
Det er 5 tilsette ved bibelskulen i Wadera, men ikkje alle er i full stilling. Det er nå 8 elevar der. Dei var 12 i fjor, så det
er ikkje dei store klassane, men viktig å halde oppe.